I dag sparka Stryn i gang haustsesongen heime mot Dale, og det var heimelagets yngste spelarar som fiksa tre poeng.

Det føste kvarteret var jamnspelt, der begge lag kom til gode sjansar. Etterkvart tok Stryn over meir og meir av banespelet, medan Dale viste kor farlege dei kunne vere på kontringar og dødballar. Trass gode sjansar frå begge lag i første omgang gjekk laga mållause til pause.

Andre omgang var berre fem minutt gammal då Rasmus Tjellaug mottok ballen like ved 16-metersstreken, la til rette og plasserte ballen hardt i næraste hjørne. Dale sin keeper kunne ikkje anna enn å stå og sjå på ballen gå i mål.

Etter dette forsøkte Dale å flytte fram laget sitt, noko som førte til fleire store sjansar for Stryn. Då uret viste 68 minutt fekk Håvard Kroken ballen på Dale sin banehalvdel. Det som såg ut som ein pasning frå Kroken mot ein tydeleg offsideplassert medspelar, enda opp som ein nydeleg stikkar til han sjølv. Han parkerte forsvararane og kom åleine mot ein utrusande keeper på rundt 20 meter. Publikum ropa "Chip", og Kroken gjorde som dei sa, og vippa ballen elegant over ein sjanselaus keeper og inn i mål. Dermed kunne dagens speaker på stadion informere om at dei to yngste strynespelarane hadde scora dagens to mål i kampen som tilslutt enda 2-0.

Du kan lese meir om kampen i papiravisa.