Julegryta til Frelsesarméen er på plass i Stryn, klar for å ta imot gåver.
– For meg er dette ein del av barndomsminna, seier Sonja Kristin Moen, initiativtakar til å få Julegryta til Stryn. Ideen fekk ho gjennom syskenbarnet sitt, som er frelsesarmsoldat i Bodø.
Ein frelsesarméoffiser frå Trondheim tok gryta med til Stryn. Her står ho utanfor Enten Eller-salongen.
Julegryta oppsto i 1891, då USA var råka av depresjon. Ruth og Joe McFee i Frelsesarméen i San Fransisco, ønskte å hjelpe. Dei ville stelle i stand julemiddag, og for å finansiere denne sette McFee ei stor jerngryte på ferjeterminalen. Det kom inn pengar nok til julemiddag til over 1.400 personar.
Othilie Tonning, som leia Frelsesarméen sitt sosialarbeid blant kvinner i Norge, såg jarngryta som ei løysing for å skaffe midlar til arbeidet. I Norske Intelligenssedler kunne ein i november 1901 lese at Frelsesarméen ville prøve ein «ny og original» måte å samle inn pengar for å hjelpe dei fattige i jula. Sidan har gryta vore eit fast innslag i desember, no også i Stryn.
Julegryta
Frelsesarmeen si juleinnsamling
Vert sett ut for 113. gong
Bidreg til mat, kle og fyringsved
Bidreg også til trivsels- og velferdstiltak
Det finst 150 gryter i Norge
Har kvart år dei siste sju åra sett innsamlingsrekord
Kjelde: Frelsesarmeen