Styret i Jostedalsbreen Nasjonalpark har etter tilråding frå nasjonalparkforvaltaren gått mot søknaden frå Visit Nordjord når det gjeld  lågtflyging og landing med helikopter i samband med filminnspeling ein dag no i mai.

På mange toppar

Søknaden vart sendt inn på vegne av  Switchback Entertainment som ville bruke helikopter til lågtflyging og landing på ei rekkje fjelltoppar (Geitafjellhyrna, Storskredfjellet, Stryneskåla, Skåla, Tungefjellet, Skålefjellet og Lodalskåpa i Jostedalsbreen Nasjonalpark).

Fjelløparen Jornet

I søknaden går det mellom anna fram at føremålet med prosjektet var å filme ein av verdas fremste skialpinistar og fjelløparar, Kilian Jornet i hans forsøk på å gå heile strekninga frå Hundeidvika ytst i Hjørundfjorden til Lodalskåpa på ski. Filmen skulle bli ein episode i serien Salomon Freeski TV, produsert av Switchback Entertainment som er eit kanadisk filmselskap.

Redd for presedens

I vedtaket til nasjonalparkstret heiter det at det "ikkje vert gjeve dispensasjon fordi flyginga strir mot føremålet med vern av nasjonalparken. Ein fryktar at lågtflyging og landing på desse toppane kan skape presedens for liknande filminnspelingar slik at verneforskrifta vert uthola. Styret inviterer gjerne til filming, men med "ein driftsmetode som ikkje involverer motorisert ferdsle i verneområdet".

Vedtaket kan klagast inn til Klima- og miljødepartementet.

- Røysta mot

- Det er viktig å presisere at eg som nestleiar iNasjonalparkstyret ikkje stemte for forvaltar si tilråding, kommenter ordførar Sven Flo overfor Fjordingen.

- Eg ønskte å innvilge søknaden, men vart nedstemt. Sjølv om denne saka ikkje vil vere tidsmessig muleg å få vurdert i departementet somankeinstans, vil eg som ordførar på prinsipielt grunnlag vendemeg til departementet for å sjå på ei noko meir fornuftig ogskjønnsmessig vurdering av slike saker, gjerne i form av nye ogmeir fleksible retningslinjer for nasjonalparkane. Det er framleis dei som idag ikkje vil at det skal vere noko form for aktivitet inasjonalparkane våre. Ein "ryggsekkadel" som høyrer ei anna tid til, hevdar Flo.