Stryn kommunestyre vedtok i dag å godkjenne framlegget til utbyggingsavtale mellom Hoven Loen AS og Stryn kommune for bygging av ny veg mellom Åheim og Holme på Opheim. Dette i samband med det store gondolprosjektet til Hoven. Stryn kommune skyt inn fire millionar kroner ekstra i aksjekapital i tillegg til tidlegare 12,5 mill. kroner. Den samla kommunale aksjekapitalen i priosjektet vert dermed på 16,5 mill. kroner.

Utanom tuna

Bygging av ny veg i dette området og som grunneigarane går sterkt inn for ved at dei slepp belastande trafikk gjennom tuna, låg ikkje inne i investeringsprogrammet. Vegparsellen er på 1,2 kilometer. Det skal også etablerast parkeringsplass på Holme. Det inngår ikkje i dette prosjektet og vil vere eit sparatprosjekt som Hoven Loen AS skal fniansiere og realisere etter avtale med grunneigar.

Denne saka var oppe i både formannskap og kommunestyre i dag. I utbyggingsavtalen står Hoven Loen AS som utbyggar mot at kommunen overtek veganlegget etter ferdigstilling og blir ansvarleg for drift og vedlikehald.

Frykt for nye kostnader

I formannskapet var det fleire som frykta ytterlegare kommunale kostnader i prosjektet. Sonja Øvre-Flo (H)spurde om dei årlege driftskostnadene på ein slik veg, noko det var vanskeleg å svare på. Ho rosa prosjektet, men kjende behov for å vite meir om kostnadsramma i prosjektet Hoven Loen AS og kva kommunen kunne ha disponibelt  for dette.

Anders Magne Vik (Frp) sa også at alle kort måtte på bordet. Han frykta nye kostnader gjennom nedgravd høgspentkabel. Pål Vonheim (Ap) sa her at skilnaden var 2,5 mill. kroner i forhold til luftspenn, og Storevik meinte at slike kostnader ville bli tillagt prosjektet. Også han meinte statusoppdatering i prosjektet var viktig.

Klemet Bø (Kr.F.) spurde om ikkje den nye vegen kunne utløyse nye hytteområde og bustadområde. Alle påpeikte den store positive ringverknaden prosjektet vil få for Stryn kommune.

- Kommunen som utviklingsaktør

Ordførar Sven Flo gjorde det klart at han ville invitere prosjektleiinga til statusoppdatering i formannskapet på neste møte og tralte varmt for saka:

- Vi ser i dag at folketalet vårt aukar og at den økonomiske styringa er god. Vi skal også vere ein utviklingsaktør og må vere villege til å setse på ting som ikkje råkar vårt primære tenestetilbod. Dette er også eit infrastrukturtiltak der vi må sjå på samfunnsnytten, sa ordføraren mellom anna.

- Eit perspektiv

I kommunestyret vart det eit kortare ordskifte der Kari Synnøve Muri (Kr.F.) tok ordet:

- Det er kjekt å sjå framdrifta, og eg gler meg til å sjå prosjektet ferdig. Det er likevel perspektivet eg vil vise fram. I forkant var det snakk om eit tilskot på 5 millionar kroner, seinare auka og så aksjekapital på 12,5 mill. Som folkevald vil eg seie at lovpålagde tenester er vårt primære ansvar. Vi vrir oss rundt for å skaffe 10.000 kroner til viktige ting. Eg forstår godt at dei vil ha vegen rundt Opheim-tuna, men korleis kan vi påverke dei andre aksjonærane? No er vi andrestørst med dei pliktene det fører med seg, sa Muri.

- Ikkje konkurrerande kapital

Rådmannen presiserte at det her ikkje var snakk om "konkurrerande kapital" med dei midlane som vert nytta til skule, barnehage m.m. I dette tilfelle var det såkalla "midlertidig kapital", noko Kari Synnøve Muri var inneforstått med.

Ordføraren poengterte før han klubba saka at kommunen hadde rolle som samfunnsaktør, som tilretteleggar for vekst og utvikling. Her var det snakk om å melde seg på eller av.