Mannen, som var ein del av eit jaktlag, vart henta opp av den strie elva av eit redningshelikopter som flaug han til Haukeland sjukehus laurdag kveld.

Politiet meldte frå om hendinga klokka 18.45.

– Mannen var ein del av et jaktlag og det var dei andre i jaktlaget som meldte frå om hendinga, opplyste operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt til NTB laurdag kveld.

Søndag ettermiddag melder politiet at mannen diverre omkom som følge av hendinga.

– Politiet kjem ikkje til å svare på ytterlegare spørsmål rundt andre omstende då familien ønskjer ro. Dette må vi respektere, opplyser operasjonsleiar i politiet, Tatjana Knappen i ei pressemelding søndag.

Ifølge Bergens Tidende var den omkomne heimehøyrande i Møre og Romsdal

Stri elv frå Bødalen. Hendinga skjedde lenger oppe i dalen Foto: Roger Oldeide