Den populære turistvegen har vore vinterstengd sidan 15. desember.

Planen var at Fv51 over Valdresflye skulle opnast for trafikk att fredag sist veke, men sterk vind og kraftig snøvêr gjorde at Statens vegvesen måtte utsetje opninga.

I fylgje Statens vegvesen vil Valdresflye vere nattestengd i tidsrommet 20.00-08.00 kvar dag fram til midten av april. Ved uvêr, kan vegen bli stengd på kort varsel.