Det er generell bandtvang i Norge frå 1. april til 20. august, men rådmannen tilrådde at Stryn kommune skal ha utvida bandtvang frå 1. april til 15. oktober. Det var Stryn formannskap samde i og gjekk samrøystes inn for tilrådinga onsdag.

Kommunestyret skal avgjere saka tysdag.

Den kommunale foreskrifta om bandtvang har vore ute på høyring og resulterte i fem uttalelsar. Ifølge saksframlegget har mellom andre Turløyper Stryn AS ytra ønskje om bandtvang heile året i løypenettet mellom Ullsheim og Stryn Vinterski.

- Dei får stadig tilbakemeldingar om folk som er redde og har angst for hundar, og observerer at hundeigarar ikkje har kontroll på hunden sin. Det kan lett oppstå farlege situasjonar når folk kjem rennande på ski og hundar brått kryssar skisporet. Folk skal ha ei god oppleving når dei ferdast i området, både sommar og vinter, heitte det frå saksframlegget.

Stryn Sau og Geit har som sitt primære ynskje at det blir innført bandtvang heile året i heile kommunen. Sekundært ynskjer dei at 15. november skal vere bandtvangsdato om hausten. Dei meiner rådmannen sitt framlegg om 15. oktober ikkje har nokon logisk grunn. Det poengterast at fleste sauene kjem ikkje i hus før 15. november, heiter det frå uttalelsen, noko Stryn Bonde- og Småbrukarlag er samd i.

- Bandtvang i periodane der dyra går på heimebeite er like viktig som for den tida dei går i utmarka. Mange husdyreigarar er borte på dagtid, og kan ikkje følgje med på kva som skjer med beitedyra heime dersom ein laushund skulle dukke opp. heiter det frå høyringsuttalelsen.

Politiet i Stryn har ingen særskilde innvendingar til utvida bandtvang, men meiner samkøyring om bandtvang med nabokommunane Eid og Gloppen vil lette forståing for og handheving av bandtvangen.

Rådmannen skriv i si vurdering at hundelova er så streng at utvida bandtvang ikkje skal vere naudsynt dersom hundeeigarar føl lova.

- For mange er friluftsliv og hund to sider av same sak, og kommunen skal ivareta hundeigarar sine interesser på same tid som vi ynskjer å kome husdyrnæringa og folk utan hund, med eller utan hundeskrekk, i møte, skriv rådmannen.