Denne veka samla Stryn Motorhistoriske eit knippe arbeidarar som for 50 år sidan var med på bygg nummer 1 frå Vest. Bussen, ein Volvo registrert 3. mars 1967, var den første bussen som rulla ut frå Vest sine lokale.

– Det var ein topp moderne buss i si tid, seier Per Ragnvald Navelsaker, som hugsar godt då dei tok til på bygg nummer 1.

– Arbeidet vart starta hausten 1966, og i mars 1967 var vi ferdige, fortel Navelsaker. Leif Flo seier at dette også var den første bussen med karosseri av aluminium. Det var Stranda og Sykkylven Billag som var kjøpar av rutevogna, som fekk registreringsnummer T-1412 (seinare UE 40589). Men billaget på Sunnmøre selde bussen vidare til ei stifting på Austlandet etter nokre år.

Lang veg tilbake til Stryn

Historia med å få bygg nummer 1 tilbake til Stryn såg dagens lys i 1986. Då fekk Arnt Gald, som var lagersjef på Vest Buss, ein telefon frå ein kunde som trengde delar til ein buss. Bussen viste seg å vere bygg nummer 1 frå Vest, og Gald sikra seg ein avtale der verksemda i Stryn fekk førsteretten til å kjøpe bussen tilbake om den skulle kome for sal.

Batteri og prøveskilt

Då bussen kom for sal ein gong på 90-talet reiste to mann frå Vest austover med batteri og prøveskilt og køyrde bussen tilbake til Stryn. Bygg nummer 1 vart restaurert, men vart etter kvart ståande. I dag er bussen i god stand og restaurert både innvendig og utvendig.

Praten mellom arbeidarane som deltok på bygg nummer 1 går livleg, og fleire historier dukkar opp. Mellom anna ein aprilspøk frå 1968 der disponent Folkestad hadde fått høyre at eit italiensk selskap skulle etablere seg i Stryn og dermed bli ein konkurrent til Vest, noko som ikkje fall i god jord hjå disponenten.

Stryn Motorhistoriske

I dag er det Stryn Motorhistoriske som eig bussen etter at foreininga kjøpte køyretøyet frå konkursbuet på Vest.

– Vi har no løyvefritak på bussen, slik at den kan brukast på til dømes turar, bryllaup eller andre tilstellingar, seier ein nøgd Petter Skåre i Stryn Motorhistoriske. Han er glad for at foreininga no har fått eigarskapet til T-1412.

– Vi skal også etter kvart starte å restaurere bygg nummer 1000 som vi har fått tilgang til, fortel Skåre.

Per Ragnvald Navelsaker hugsar godt då dei tok til på bygg nummer 1. – Det var ein stor buss i si tid, med 44 sitjeplassar og med motorkasse i kupeen, fortel Navelsaker. Foto: Thomas Thaule
Leif Flo hugsar godt at han monterte "Vest-merket" i fronten. Foto: Thomas Thaule
Enkelt, men stilreint førarmiljø. Foto: Thomas Thaule
Bygg nummer 1 frå Vest. Foto: Thomas Thaule
T-1412 var det første registreringsnummeret bussen gjekk under. Foto: Thomas Thaule
44 passasjerar pluss sjåfør. Foto: Thomas Thaule