Det er Philippe og Myriam Schlatter sin dom over utsjånaden til den nye turistinformasjonen. Dei kjem frå Sveits og er alt vel bevandra i brelandskap.

- I Sveits er ofte lokala til turistinformasjonen litt større, smilar dei.

Hege Anita Andersen jobbar i turistinformasjonen i sommar. Ho seier at dei har fått mykje positiv respons på den utradisjonelle utsjånaden.

- Folk seier det er fint å behalde naturen rundt seg når dei kjem inn og at det er kjekt å kunne gå på ein bre. Så dei fleste er veldig begeistra. Nokon seier og at det er herleg og kjølig her inne fordi det er så blått.

Den nye turistinformasjonen opna i mai og det har vore ein auke i besøkjande denne sommaren.

- Eg trur turistane finn oss lettare no. Vi ligg litt meir sentralt og meir synleg i sentrum, seier Andersen

Den nye turistinformasjonen ligg i 1. etasje i Heradsheim.