- Dette har vore flott for revisorar med stive nakkar i årsoppgjeret, ler Ingvill Flo. Ho er ei av kring 40 som har delteke på fellestreningar for bedrifter i regi av Gym Stryn, inn mot det tradisjonsrike Postvegløpet i Markane.
- Fint arbeidsmiljøtiltak
Flo har fått med seg fem kollegaer frå PwC og er veldig nøgd med opplegget.
- Eit fint arbeidsmiljøtiltak, seier ho. Og sjølv om alle seks er relativt aktive i utgangspunktet, trur Flo at eit slikt opplegg har vore til inspirasjon.
- Det har vore ei god vitamininnsprøyting og sikkert gitt lyst til å halde fram treninga vidare. Sjur Ole har vore flink til å motivere, og lært oss at av og til må vi gi på litt ekstra på treningane, seier ho.
Begeistra landslagstrenar
Sjur Ole heiter Svarstad til etternamn og er til dagleg rekruttlandslagstrenar i langrenn. Han hyllar tiltaket.
- Det er kjempepositivt. Det er dette som er viktig, å få med den store gruppa. Stillesitjing og inaktivitet er ei av dei store samfunnsutfordringane, seier han.
Vil sjå på liknande konsept
Ann Kristin Grodås, dagleg leiar ved Gym Stryn, håpar også at dette kan vere ein måte å få fleire ut av godstolen.
- Vi har hatt fire treningar retta spesifikt mot Postvegløpet, men med eit ønskje om at dette skal bidra til at bedrifter og enkeltpersonar kjem i gang med trening og lagar gode rutinar for fysisk aktivitet på sikt, seier Grodås.
Til saman har ni bedrifter og ca 40 personar vore med på treningsopplegget.
- Vi er godt nøgde med responsen, og vil absolutt sjå på liknande konsept i framtida, seier ho.