Flo aktiv har blitt ein fast sommartradisjon i Stryn, og i år var ingen unntak.

Barn i alderen 8-14 får velje mellom å spele fotball, bygge hytte og lage til ei framsyning med dans og skodespel. Deltakarane er mange, og iveren er stor blant barna.

— Det er viktig at barna kan lære seg å bruke verktøy. Her får dei også bli med på å planlegge korleis hytta skal sjå ut, for så å byggje den etter planen, seier David Sigurdsson som har teke ansvaret for bygginga av hyttene.

Saman med fleire frivillige lærer dei bort eigne kunstar, og hjelp barna med byggverka. Han synes det er viktig å gi barn som ikkje nøvendigvis er så glade i fotball og dans eit tilbod, og håpar denne erfaringa kan gi barna motivasjon til å byggje meir.

Ein skal ikkje gå langt frå staden der barna byggjer hytter, før ein kjem til fotballstadion. Der kan ein høyre ballar som sprett og skot som går i mål før ein ser fotballbanene.

Her har barna blitt delt inn i grupper. Dei eldste deltakarane har fått i oppgåve å legge eigne kampplanar, som dei så skal utføre i kamp. Dei skal i slutten av veka spele eit eiget VM, der desse planane skal bli satt i verk.

Dei yngre deltakarane er også i full sving med øvingar, der ballkontroll, avslutningar og samhandling står på programmet.

På kulturhuset finn ein gjengen som driv med scenekunst og dans. Dei er i full gang med å øve inn ei framsyning, som skal bli vist på fredag. Også her er aktiviteten stor, og barna konsentrerar seg så godt dei kan for å lære replikkar og dansesteg før framsyninga.