Det er Verdens helseorganisasjon som har sett fokus på temaet vold og overgrep i nære relasjonar, vidare er det utarbeidd nasjonale retningslinjer som igjen har gitt føringar for arbeidet med dei lokale handlingsplanane. Her har kommunelege, flyktningtenesta, politi, skule, barnehagar med fleire vore viktige bidragsytarar.

Psykisk helsearbeidar Vivian Tvinnereim, helsesøster Wenche Henden og barnevernsleiar Rita Stølen Veamyhr sit i arbeidsgruppa for planen. Her sit også Eva Sefland. I Stryn har denne vore jobba med sidan 2011, og vart revidert i fjor. Dei gav kommunestyret ei lenger orientering om innhald og føremål med handlingsplanen.

Tvinnereim innleia mellom anna med å avklare kva ein legg i omgrepa vald og nær relasjon. Sistnemnde kan vere familie, slekt og personar som ein har tillit til. Ein snakkar gjerne om ei tredelt krenking i desse alvorlege sakene. Den fysiske eller psykiske valden og/eller overgrepa er krenkande i seg sjølv, men får ytterlegare to dimensjonar ved at det er tillitsbrot frå nære og kjende, og at det ofte skjer i heimen der ein normalt skal føle seg trygge.

– Også fokus på utøvaren

Målet med handlingsplanen er å styrke kompetansen hos tilsette i kommunane, vite kvar ein kan vende seg for hjelp og korleis denne hjelpa skal koordinerast. «Du må tru det for å sjå det» er ei setning som ligg i botn for det heile.

– Planen er laga for alle innbyggjarane, men særleg for dei som jobbar med born og unge, seier Stølen Veamyhr. Ho er til dagleg leiar for barnevernstenesta i kommunen.

Det blir også sett fokus på at utøvaren av vald er ein som også treng hjelp.

– Det er veldig lite tilbod til desse, seier Stølen Veamyhr.

Ho peikar særleg på atferdsendring som eit signal som ein skal ta på alvor. Uro, stress, lærevanskar og dårleg sjølvtillit kan vere uttrykk for at ting ikkje er som det skal.

– Ein ser ofte at desse ungane får feildiagnosen ADHD, fortel barnevernsleiaren. Ho understrekar samstundes at dei nemnde signala ikkje treng bety det verste, men kan ha bakgrunn i meir normale kriser som samlivsbrot eller dødsfall i heimen.

To av ti opplevd vald frå forelder

Talas tale er klar nok på området. I 2016 var det 135 valdssaker i fylket i denne kategorien, og her reknar ein med at mørketala er store. NOVA-rapporten (Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring) frå 2015 fortel at 21 prosent har opplevd vald frå ein forelder. Også her reknar ein med store mørketal.

I handlingsplanen er det ekstra fokus på dei med funksjonshemming, eldre og dei med fleirkulturell bakgrunn.

– 4-6 prosent av dei over 65 år har vore utsett for vald og overgrep, fortel Stølen Veamyhr. I Stryn er det eigen eldrevoldskontakt, knytt til omsorgssenteret. Arbeidsgruppa har jobba mykje ut mot lag og organisasjonar for å spreie kunnskap om temaet og handlingsplanen.

– Ein har eit sjølvstendig ansvar for å gjere noko i ei sak, understrekar Wenche Henden.

– For barnets beste må ein våge å tenkje det verste, seier Stølen Veamyhr. Handlingsplanen ligg tilgjengeleg på kommunen si heimeside.

F.v. Rita Stølen Veamyhr, Wenche Henden og Vivian Tvinnereim. Også Eva Sefland sit i arbeidsgruppa. Foto: Roger Oldeide