I eitt døgn, frå sist fredag til laurdag, gjennomførte StatensNaturoppsyn, Fiskeridirektoratet, Politiet og Kystvakta ein størreaksjon retta mot ulovleg fiske i Nordfjord.

- Funna var nedslåande, seier kontrollørane i ei pressemelding.

Til saman vart det gjort kring 100 enkeltbeslag av ulovlege teinereller ruser. Det vart gjort beslag i alle kommunane aksjonsgruppavar innom: Stryn, Eid, Gloppen, Bremanger og Vågsøy.

Ulovleg hummarfiske

- Alle deiulovlege reiskapane var berekna på hummarfiske, sjølv om hummarener freda fram til 1. oktober. Teiner berekna for krabbefiske skalha to fluktopningar på minst 80 mm, dei som vart funne i aksjonenhadde stort sett fluktopning på 60 mm, eller ingen fluktopningar.Ruser er ikkje lovleg i det heile, heiter det i pressemeldinga.

Miljøkriminalitet

Det er også eit krav at all reiskap skal vere skikkelegmerka, det meste av det som vart funne under aksjonen var umerka.

- Berre eit fåtall av teinene som vart kontrollerte var lovlege.Somme av dei ulovlege reiskapane var merka, noko som kan tyde atikkje alle er klar over lover og reglar som gjeld. Men det har einplikt å setje seg inn i. Hummaren er ei truga art, ulovleg fiskeetter den, er miljøkriminalitet, skriv kontrollørane i pressemeldinga.

Alle ulovlege reiskap som vartfunne vert destruerte.

Tips: På internett kan ein finne ein nyttig app som heiter "Fritidsfiske". Her står dei viktigaste tinga ein treng vite rundt reglement for fritidsfiske.

Nokre av dei som var med og gjennomførte aksjonen i Nordfjord.