Vikane omsorgssenter er med sine 55 tilsette største verksemda i denne delen av Stryn kommune. Det vart opplyst då helse- og sosialutvalet fekk omvisning på senteret som omfattar sjukeheimsavdeling med dagsenter/arbeidsstove, omsorgsbustader og trygdebustader.

Vikane har per i dag 38 sjukeheimsplassar. Når utbygginga av Stryn omsorgssenter vert fullført i neste månad, vil talet bli redusert 31. Noko som igjen medfører at alle på sjukeheimen får enkeltrom.