Varsom.no melder om betydeleg snøskredfare (faregrad 3) både i Indre Fjordane, Sunnmøre, Romsdal, Jotunheimen og i Indre Sogn torsdag.

Det går fram av varselet at det er temperaturauke og regn i fjellet som gir større fare for skred.

– Det blir varmare utover torsdag og særleg der det kjem regn på nysnø frå onsdag vil det gå nokre våte snøskred. Varme og regn aukar sannsynlegheiten for skavelbrot og for at det går enkelte glideskred, skriv varsom i varselet.