– Strynemessa er ein heilt sentral inntektskjelde for Stryn Røde Kors sitt Hjelpekorps, men den er og ein viktig sosial møteplass for alle våre aktive medlem som no tel over 40 personar. Når det er sagt så har vi alltid plass til fleire. Rekruttering er viktig, seier hjelpekorset sin nye leiar Ingeborg Nesheim (29).

Ho takka ja då ho fekk tilbodet om å ta over roret og tok til i stillinga på kvinnedagen 8. mars i år.

29-åringen er likevel ikkje ny i hjelpekorpset.

– Eg vart med første gong i 2012 men hadde etter kvart eit langt avbrekk då eg flytta ut og studerte. Men eg har vore med fast sidan 2021, fortel ho.

No skal Nesheim leie si første Strynemesse og ho er klar over kva det betyr, for når Strynemessa opnar dørene er det nok ein gong hjelpekorpset som har gjort det meste av rigginga.

Strynemessa: Vakthald er berre noko av det Stryn Røde Korps Hjelpekorps har ansvar for under Strynemessa. Opp- og nedrigging og billettsal inngår også i ansvarsområdet. Foto: Arkivfoto: Roy Aron Myklebust

Dugnadstimar blir det mange av.

– Det skal klargjerast for straum og vatn så skal vi ha billettsal og vakthald før messa skal riggast ned og ryddast. Vi får mykje å gjere, men så lenge eg har den gode gjengen rundt meg så trur eg dette skal gå veldig bra i år også, fortel ho.

Flyt på rutine

Strynemessa var berre to år gamal då Stryn Røde Kors sitt Hjelpekorps inngjekk samarbeid med grunnleggjaren av Strynemessa, Odd Staalnacke.

– Det begynner etter kvart å bli ein ganske rutinert gjeng når det gjeld dette arbeidet, og mange yrke er representerte blant dei som bidreg med dugnadsarbeidet, fortel hjelpekorpset.

På vakt: Stryn Røde Kors Hjelpekorps er godt synlege i sine oransje vestar. Her er det Johnny Rustøen som held vakt. Foto: Roger Oldeide

Stryn Røde Kors er eigar av Strynemessa saman med Aktivitetsselskapet Fagre Stryn, og messa utgjer altså fundamentet for hjelpekorpset sine inntekter. Pengane går til beredskapsmateriell, drift og aktivitetar gjennom året.

– Vi håpar å få inn rundt 100.000 kroner i inntekter over desse dagane, så messa er avgjerande for kontinuerleg drift av hjelpekorpset, fastslår Nesheim.

Avgjerande: Folk i kø for å kome seg inn på Strynemessa. Billettpengane er avgjerande for drift av hjelpekorpset Foto: Arkivfoto: Thomas Thaule

– Det er betre med ei skikkeleg dugnadshelg enn å selje lodd og halde kakelotteri resten av året, fastslo Hjelpekorps-veteranen Knud Frausing i 2019.

– Det sitatet stiller eg meg bak, seier Nesheim.