Med siger i dagens kamp mot Stokke IL Stokke-Vear sikra Vikane IL seg ein plass i A-sluttspelet av årets Norway Cup.

Dei to første gruppespelskampane til Vikane enda med ein siger og eit tap, der begge kampane enda med eit 2-1 resultat. Dagens kamp var ikkje like jamn som dei to innleiande kampane, og Vikane viste kor sterke dei kan vere på Valle Hovin.

Vikane scora heile seks gongar i dag, medan Stokke IL gjorde eit mål. Dermed klatra laget beståande av spelarar frå Utvik, Innvik og Olden over vertslaget Bækkelagets SK på tabellen, og enda på 2. plass i gruppa.

Denne andreplassen gir dei plass i A-sluttspelet i cupen, der dei i morgon skal ut i aksjon mot Ørsta IL i 16-delsfinalen.