Ferske fotspor i snøen syner at fleire hus og bilar har hatt besøk av uvedkomande i løpet av natta. Politibetjent Laila Fuglestein opplyser at fotspora frå bustadområde i Stryn viser at uvedkomande har vore og kjend på ytterdørene både på hus og bilar.

- Vi har fått ei melding om tjuveri av mobiltelefon og pengar frå ein bil. Vi har i tillegg fleire meldingar frå folk som kan fortelje om ferske spor i snøen, seier Fuglestein.

Ho oppmodar folk om å låse dørene både på hus og bilar, samt følgje med på kva som skjer og melde frå til politiet dersom ein oppdagar mistenkeleg aktivitet.

- Vi er no i gang med å etterforske og sikre spor etter hendingane i natt, seier Fuglestein.