Med offisiell opning av Stryn omsorgssenter landa kommunen sitt største utbyggingsprosjekt nokon gong. Til ein pris av 201 millionar kroner er omsorgssenteret utvida med 4.400 kvm. I tillegg har ein rehabiltert og bygt om 1.200 kvm i 1978-bygget.

- Dette har vore ein lang og kronglete prosess. Men i dag er eg berre glad, uttalte Berit Wetlesen, som saman med Egil Erdal og Harald Risnes har stått i spissen for prosjektet.

Under den ofiisielle opninga vanka det mange lovord til HS Bygg AS for måten dei har gjennomført totalentreprisen, tilsette som har vore svært løysingsorienterte i i ein tøff byggjeperiode - og ikkje minst bebuarane som har synt tolmod og positivitet.

Tekst/foto: Harald Vartdal