Er det Stryn kommune eller Opplysningsvesenets Fond som eig prestegardstomta i Tonningsbakkane?

- Vi meiner at tomta som huset står på, tilhøyrer Stryn kommune. Dette blir no vurdert av vår advokat, seier rådmann Per Kristian Storevik til Fjordingen.

Prestebustaden som stod ferdig i 1982, har ikkje hatt bebuarar etter at familien Netland flytta frå bygda i 2013.

- Vi er i dialog med Stryn kommune om sal. Dette på bakgrunn av at kyrkja ikkje treng huset til tenestebustad, opplyser Gunnar Birkeland i  Opplysningsvesenets Fond.

- Korleis står denne saka, rådmann Per Kristian Storevik?

- Vi fekk for ei tid tilbake e-post frå Opplysningsvesenets Fond med spørsmål om Stryn kommune ville leige eller eventuelt kjøpe prestegardseigedomen. Då eg gjekk inn i saka, oppdaga eg at Stryn kommune står som eigar av tomta. Dvs. at Opplysningsvesenets Fond eig berre sjølve huset.

- Er Opplysningsvesenets Fond av same oppfatning?

- Nei, dei meiner å ha heimel på tomta.

- Korleis kan kommunen påberope seg eiegdomsretten?

- I min gjenomgang av saka, kjem det fram at Stryn kommune skulle skaffe tomt til ny prestebustad. Dette mot at kommunen fekk overta den gamle prestegarden på Visnes. Men etter det eg kan sjå, selde Opplysningsvesenets Fond denne eigedomen til Vest Karosseri. Eg har no bede vår advokat vurdere dette, slik at det blir ei snarleg avklaring.

- Stryn kommune ønskjer å kjøpe prestegarden som har stått tom i snart tre år?

- Ja, vi er interessert i huset.  Men kommunen vil ikkje betale for ei tomt vi sjølv eig, sluttar rådmann Per Kristian Storevik.