Fire grunneigarar i Utvik ankar domenfrå Nordfjord jordskifterett inn for lagmannsretten. Domen slo fast at grensamellom garden på Verlo på den eine sida og gardane Hage og Myklebust på denandre går langs Storelva.

Grensetvisten i Utvik har pågått overlengre tid, og har i følgje domen frå jordskifteretten kome opp i samband medavklaring om fallrettane i Storelva. I jordskifteretten hevda grunneigaraneLidvin Hage, Rasmus Hage, Per Atle Kjøllesdal og Ingolf Myklebust at grensa vedtvisteområdet Nukeflata ikkje går i elva, men langs eit gjerde på sørvestsidaav Storelva, i området ovanfor Myklebuststøylen. Jordskifteretten er ikkje samdi dette, og viste til dokument og skriftleg materiale tilbake til 1500-talet ogfram til 1974.

Advokat Jan Nikolay Hvidsten stadfestaroverfor Fjordingen at han representerer dei fire grunneigaranme som tapte ijordskifteretten.

-Mine klientar meiner det er haldepunktfor at at grensa føl Storelva til Tortnegjølet, og deretter føl gjølet tilkommunegrensa. Eg kan dermed stadfesta at vi har anka domen fråjordskifteretten inn for Gulating lagmannsrett, seier Hvidsten.