Fylkeskommunen ønskjer å støtte ei hardt prøva reiselivsnæring, og gjere ho meir berekraftig.

Grunnen er at reiselivet i Vestland framleis ikkje er på føtene att etter pandemien, og 2022-sesongen har vore dårleg både grunna dårleg sommarvêr og få utanlandske gjester. Det skriv fylkeskommunen på sine eigne nettsider.

– Det er viktig å støtte opp om reiselivsbedriftene og halde oppe aktivitet framover for å sikre utvikling av reiselivet i Vestland. Her har destinasjonsselskapa ei viktig rolle. Dei arbeider tett med reiselivsbedriftene, kommunane, landsdelsselskapet Fjord Norge og andre næringsaktørar med både marknadsføring og destinasjonsutvikling, seier Tor André Ljosland, leiar for hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune.

Slik er fordelinga av midlar til destinasjonsselskapa sitt arbeid i 2023:

* Visit Bergen: 1 000 000 kroner

* Visit Sunnhordland: 550 000 kroner

* Visit Hardangerfjord: 560 000 kroner

* Visit Voss: 500 000 kroner

* Visit Sognefjord: 660 000 kroner

* Visit Nordfjord: 610 000 kroner

* Visit Fjordkysten og Sunnfjord: 620 000 kroner

Hovudutvalet for næring vedtok også å løyve ein halv million kroner til elbil-lading på reiselivsdestinasjonar.

Grunngjevinga er at tilgang på destinasjonslading trekker til seg turistar. Stad kommune får også ein halv million for å ta vare på og levandegjere Selja kloster som besøksmål og heilagstad, medan Fjord Norge AS får 800 000 kroner for å styrke konkurransekraft og etterspurnad i 2023.

(©NPK)