Eit køyretøy fekk bruksforbod grunna sikthindrande gjenstandar i frontrute, føraren hadde montert bord oppå dashbordet, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Eit køyretøy fekk bruksforbod grunna manglande merking av utstikkande last, bak køyretøyet, føraren måtte merke lasta tilstrekkeleg før vidare køyring.

Eit køyretøy fekk teknisk mangel grunna knust baklykt, samt bruksforbod grunna sikthindrande gjenstandar i frontrute.

Eit køyretøy fekk bruksforbod grunna ikkje tilstrekkeleg merking av spesialtransport, brei last. Føraren måtte flytte breiddemarkørane lengre ut slik at desse samsvarte med bredda på godset, føraren fekk også gebyr grunna ikkje medbrakt vognkort på tilhengaren.

Eit utanlandsk køyretøy fekk bruksforbod grunna ikkje medbrakt vognkort på tilhengaren, føraren måtte dokumentere råderetten, før vidare køyring.

Det oppsummerer Statens vegvesen i ei pressemelding.