I 2014 vart det avdekka at Den katolske kirke i Norge over fleire år hadde krevd tilskot etter trossamfunnsloven for personar som ikkje syntes å vere lovleg registrert som medlem av Den katolske kirke.

I eit brev sendt til alle norske kommunar, skriv KS Advokatene at skal det vere grunn til å anta at norske kommuner har eit krav mot Den katolske Kirke på mellom 40-. og 50 millioner kroner.

På bakgrunn av dette har KS Advokatene i brevet tilbudt seg å bistå kommunane i forbindelse med dialog og oppfølging overfor Den katolske kirke vedrørende sannsynleg skyldig beløp.

I brevet kjem det fram at advokatfirmaet pr. i dag har motteke 88 oppdragsbekreftelser frå norske kommuner, men legg til grunn at det er truleg langt fleire som kan ha berettiga krav mot Den katolske kirke.

- Dette gjelder Oslo katolske bispedømme (OKB) som omfattar dei tretten sydligste fylka, t.o.m. Sogn og Fjordane, Oppland og Hedmark, og Trondheim Stift, som omfatter Møre og Romsdal og Trøndelag, skriv KS Advokatane i brevet.

Advokatane skriv at dei er i dialog med OKB som skal ha signalisert eit ønske om å finne ei løysing.

- For å fremme konkrete krav på vegne av den enkelte kommune er vi avhengig av å få fullmakt frå den enkelte kommune, skriv KS Advokatrane som ber om tilbakemelding frå kommunane innan 30. mai.