Oldedagane har funne sin resept, og til helga er det i hovudsak kjende programpostar som ventar publikum.

– Det blir som vanleg frukost i Helsetunet arrangert av Bygdekvinnelaget. Kunstlaget vil òg ha si utstilling der. Vi satsar på hoppeslott for dei minste og det blir konsert i kyrkja søndag med Sindre Løvik and the JC band. Dei spelar Johnny Cash låtar, fortel leiar i Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen, Ketil Finsås Hansen.

Rockabilly: Gruppa Smalltown Tommy frå Båstad i Trøgstad kjem til Oldedagane og spelar etter revyen laurdag.

VM og verdsmeistrar

I fjor vart det lagt inn eit VM i arrangementet – VM i marshmallowkasting. Dette gjentek dei i år, og her kan folk bryne seg på André Opheim sin rekord på 35,1 meter. Flaskeløpet er ein annan aktivitet som vert vidareført.

– Her slepp vi tomme flasker frå Bruvoll-brua og målgang blir ved brua i sentrum, fortel Hansen. Flaskene er nummererte, og i praksis vert det som eit lotteri der vinnartalet blir første flaske i mål.

– Og alle flaskene blir sjølvsagt fanga opp, forsikrar han, og fortel at ei oljelense ved elvemunningen syter for det.

Det blir program på utescena ved Skogstad. Her blir Brynjar og Erlend Fagerli dei store namna. Dei er blant verdas beste fotballtriksarar.

Og går alt etter planen blir det tilbod om vannscooterleige denne helga.

VM: Rune Holen og Martin Klaesson hadde ansvar for VM i marshmallowkasting i fjor.

Revy og rockabilly

Olderevyen er nok for mange det store høgdepunktet denne helga. Revygjengen har skjemt bort publikum med mange gode førestillingar gjennom åras løp, og såleis legg dei også lista høgt for eigne prestasjonar. Men Hansen, som sjølv er fast del av revygjengen, er trygg på at dei også i år skal gi dei frammøtte mykje og god latterføde.

– Vi er godt i gang og den harde kjerne er med, smiler han. Innhaldet i revyen legg han som vanleg litt lokk på, men namnet er Etter stengetid, og av det vesle vi får vite er både fiskestenger og kjetting involvert i årets revy. Den som kjem får sjå!

Boder: Ein god miks av lokale og meir langvegsfarande tilbydarar blir også å sjå på arrangementet i år.

Som vanleg blir det dans etterpå og her er det duka for rockabilly-stemning når bandet Smalltown Tommy trakkar til i teltet etter revyen.

– Her blir det høg brylkrem-faktor og oppmøte i am-car blir heller ikkje feil, smiler arrangementssjefen.

Finsås Hansen er klar på at Oldedagane har eit føremål, viktigare enn noko anna:

– Det viktigaste er å legge til rette for at folk kan møtes.