Det seier Kristine Sofie Orheim Hansen, dagleg leiar i Hornindal Frivilligsentral. BUA Hornindal som er lokalisert i eine enden av Grobygget vart sjølvbetjent før sommaren ifjor, og i løpet av haust og vinter er tilbodet oppdaga av stadig fleire. – Ettersom vi er den einaste sjølvbetjente BUA i distriktet, kjem folk til oss også frå Stryn og Volda. Men det er heilt OK, seier Orheim Hansen.

Basert på tillit

Systemet med sjølvbetjent utlånssentral er basert på tillitt, og fungerer slik at låntakarane brukar app dei må laste ned på telefonen sin både for å sjå kva som finst, låse seg inn og registrere utstyret ein låner.

Sjølvbetjent: – Med kode til nøkkelboks går ein inn på BUA sjølv og registrerer lånet, fortel Kristine Sofie Orheim Hansen. Foto: Bengt Flaten

Det inneber klar forventning om at ein behandler utstyret fint, sjølvsagt ikkje tek med seg anna utstyr enn det ein registrerer at ein låner, og at utstyret vert levert etter maks lånetid som er ei veke. – Alle som låner i BUA får ei påminning på telefon når veka er gått, seier Orheim Hansen. I jula var det mange som nytta sjansen til å låne skiutstyr til familie som kom på besøk. Slik vert det nok og i vinterferie og påske.

– Svært rikhaldig

– Vi har ikkje slalåmutstyr eller randonne, men elles er utstyrsbanken vår svært rikhaldig. Både av vinter- og sommarutstyr, og til alle type aktivitetar. For vinterbruk har vi alt frå skredsøkerpakker til langrennsski, sko og staver, truger, skøyter, telt, vintersovepose og kokeutstyr, snowracer og pulk, for å nemne noko. Og folk må gjerne kome med innspel om det er andre ting dei ønskjer inn i utstyrsbanken, seier ho. Håpet til dei som driv BUA er at endå fleire skal oppdage kva BUA byr på av moglegheiter og nytte tilbodet. – Ikkje alle har plass til å ta med seg utstyr når dei kjem til regionen på besøk, og det er heller ikkje slik at alle kan kjøpe alt av utstyr sjølv. Det er difor BUA er til. For at folk skal sleppe å eige alt mogleg fritidsutstyr som gjerne blir brukt nokre dagar i året. Og for at ein skal kunne skaffe seg utsyr til eit variert utval av aktivitetar, seier Orheim Hansen.