FHI har tidlegare åtvara om influensasesongen i år og oppmoda fleire til å vaksinere seg. Under årets smitteverndag fortel FHI at vi førebels ligg på eit normalt nivå for luftvegsinfeksjonar for årstida, men at dei ser ein auke.

– Frå veke 42 til veke 43 såg vi eit kraftig hopp i smitteauke av influensa. Vanlegvis går det veldig fort når det først set i gang, seier FHI-lege Trine Hessevik Paulsen.

Siste år fall vaksinedekninga mot influensa frå 63 til 59 prosent for risikogrupper, og frå 56 til 50 prosent for helsepersonell, skreiv FHI i ei pressemelding i oktober.

– Vi ønskjer oss ein 75 prosent vaksinasjonsdekning for dei som tilhøyrer risikogrupper. Det hastar å vaksinere seg no, då vaksinen bruker nokre veker på å fungere som han skal, seier Paulsen.

Spreiinga av mykoplasma-bakterie har også skapt bekymring i Vestland fylke. Paulsen meiner det er for tidleg å seie kor stort dette utbrotet vil bli i Norge.

– Vi veit ikkje kor alvorleg dette utbrotet kjem til å bli i Norge, men det er grunn til å tru at immuniteten til befolkninga ligg til rette for eit stort utbrot, seier ho.

Bakterien kan gi infeksjonar både i øvre og nedre luftvegar. Symptoma utviklar seg gjerne langsamt over fleire dagar til ei veke. Det er barn, ungdom og unge vaksne som er mest utsette, men vaksne kan også bli ramma.

(©NPK)