Anders Fannemel fekk laurdag ein heilt spesiell heider. Saman med landslagstrenar Alexander Stöckl kunne honndølen avduke bilete av seg på haleroret på eit helikopter.

- Veldig kjekt, men ganske spesielt å sjå bilde av seg på eit haleror, smilte honndølen med verdas lengste skihopp (251,5 meter).

Under samlinga på Hornindal Idrettspark vart det også delt ut heider frå Hoppsportens Venner, Veten IL og Sogn og Fjordane Skikrins.