Hol Bustadfelt i Stryn er under opparbeiding, og feltet skal vere klart innan november. Då Fjordingen var innom, var Mesta i full sving med å førebu sprenging av grøfter.

– Vi har 4–5 mann i feltet no, og vi satsar på rask framdrift, sa Inge Andre Ytredal.

Mesta har anbodet

Mesta har anbodet på opparbeiding av veg, vatn, kloakk, straum og gatelys i byggjefeltet. Nordplan står for prosjektering og byggjeleiing. Stryn kommune skal overta feltet ferdig opparbeidd. Totalt er det 22 tomter i feltet som blir lagt ut for sal allereie i sommar.

– Fastsetjing av tomtepris var oppe i sektorutavelet for tekniske saker, og dette skal vidare til formannskap og kommunestyre. Når prisen endeleg vert fastsett, blir tomtene lagt ut for sal så raskt som råd. Etterspørselen etter tomter er stor, og det har vore ei viss interesse for dette feltet, seier teknisk sjef Jan Flore. Han legg til at tidleg utlysing for sal, gjev tomtekjøparar betre tid til planlegging.

Sjølve arealet er delt i to, ein nordvestre del med 16 tomter og ein søraustre del med seks tomter. Den nordvestre delen vart innløyst i 1982, og dette arealet utgjer godt 24 dekar, inkludert bustadtomter, vegareal og friareal.

Over 500.000 i anleggsbidrag

Arealet i den sørsaustre delen er nyleg innløyst, og dette feltet er på godt 5 dekar med bustadtomter, vegareal og friområde. Reguleringsplanen for bustadfeltet på Hol vart godkjent i fjor sommar.

Sektorutvalet for tekniske saker støtta tysdag rådmannen sitt framlegg om grunnpris for tomtene. Dei tilrår at anleggs- bidraget for opparbeiding av veg, vatn, kloakk, straum og gatelys vert sett til kr 516.000 for kvar tomt. Grunnprisen er fordelt etter tomteareal, og totalt tomteareal er på 19,3 dekar.