– Kommunen si viktigaste rolle i starten var som planmyndigheit, med den oppgåve å få prosjektet raskt realisert. Så vart vi utfordra til å gå inn på eigarsida, og gjekk inn med 16,5 millionar kroner i aksjekapital. Det gjorde vi for å bidra til at Hoven Loen vart realisert. Vi hadde ingen tanke om utbyte. Det var heller aldri drivkrafta, seier Flo.

Tvert i mot seier han at kommunen si drivkraft for å bidra med aksjekapital var å få realisert eit reiselivsprodukt som har stor samfunnsnyttig effekt. Både lokalt i Loen i form av opplevingar for brukarane og i første omgang eit femtitals nye arbeidsplassar i turistkommunen Stryn.

– Så er det og ein gledeleg synergi at satsinga på Hoven dryp på andre. Loen Skylift var absolutt riktig satsing, og er med på å styrke Stryn som reiselivskommune, seier ein godt nøgd ordførar.

– Kva tenkjer du om vegen vidare, både for Loen Skylift og kommunen si rolle?

– Eg har veldig tru på prosjektet og at her ligg stort potensial for vidareutvikling. Stryn har tidlegare vore kjent først og fremst som turistkommune sommarstid. Loen Skylift har allereie første sesong vist at det og er stort potensial for vinterturisme. Det er viktig for kommunen samla sett, seier Flo.

Han er glad over signala om investering i nye tilbod på fjellet, og seier Loen som cruisedestinasjon vert viktig i tida som kjem.

– Saman med Alexandra er vi i god dialog med Nordfjord Hamn med tanke på å styrke Loen som cruisedestinasjon, seier Flo.

– Kva med Stryn kommune sin eigarskap i Loen Skylift AS?

– Intensjonen med å gå inn som aksjonær var å sikre etableringa, ikkje som langsiktig eigar. Eg meiner det ikkje er rett av Stryn kommune å sitje som så stor eigar i eit langt perspektiv. På eitt eller anna tidspunkt bør kommunen selje seg ned, men framleis sitje att med ein liten aksjepost. Det er viktig å vere ryddig på rolleforståing, seier Flo.

– Kva med utbytet på 825.000 kroner?

– Kommunen ønskjer å forskottere gangveg Loen-Solvik, så kanskje vi kan leggje utbytet inn i å finansiere låneopptak til forskotteringa, sier Flo.

foto
Ordførar Sven Flo er godt nøgd med første årsresultatet for Loen Skylift. Foto: Bengt Flaten