Sigrid Flo Bødal (Stårheim/NTG Lillehammer), Martin Aaland (Hardbagg/Stryn vgs) og Simon Hjelmeset Kirkeeide (Markane/Stryn vgs) vart nummer 10, 11 og 12 i sine klassar då juniorane hadde sesongens siste løp (fellesstart) i Norgescupen i skiskyting på Lillehammer laurdag.

Martin Aaland i klasse M17 låg blant dei tre beste etter to feilfrie skytingar, men pådrog seg tre strafferundar på dei to siste skytingane. Dermed vart det for tøft med tanke på ei topplassering. Hardbaggløparen vart nummer 11, 1.50 minutt bak vinnaren Ulrik Olsen Brimi frå Byåsen.

Simon Hjelmeset Kirkeeide i klasse M18 opna med to bom på første skyting, men feilfritt på andre skyting gjorde at Simon var på full fart oppover på resultatlistene. To bom på kvar av dei to siste skytingane gav til slutt 12. plass, 2.08,2 bak Mats Øverby frå Lier som vann.

Stårheimjenta Sigrid Flo Bødal vart nummer 10 i si klasse (K18-19) med til saman tre bom. Flo Bødal var 2.36,7 bak vinnaren Juni Arnekleiv frå Dombås.