Kommunestyret vedtok samrøystes tilrådinga om å starte arbeidet med oppdatering av heimeside for Stryn kommune, ny intranettside og ny løysing for produksjon og innsending av søknadsskjema.

– Prosjektet vert å finansiere med bunde driftsfond til universell utforming og bruk av fritt disposisjonsfond inntil 250.000.

Rådmannen, som hadde tilrådd å starte arbeidet på ny nettside ved bruk av driftsfond, gjorde greie for kvifor tida no er moden. Han peika mellom anna på skal tekst på ei kommune sine heimesider kunne høyrast. Nettsidene skal og ha ei universell utforming som mange kommunar rundt Stryn allereie nyttar som og er kompatibel med sakshandsamingssystemet.

Utdatert – Nettsidene står ikkje i stil med ei offensiv kommune som Stryn, seier rådmann Rune Hovde. Foto: Roger Oldeide

– Vi gjer ein jobb no med å digitalisere skjema som gjer at våre innbyggjarar skal kunne fylle ut skjemaene på nettsida og levere søknadar der, forklarte Hovde som sjølv meiner at dagens nettsider for Stryn kommune er utdaterte.

– Eg merka det då eg søkte jobb her, at nettsidene som møtte meg var som å gå ti år tilbake i tid i forhold til det eg var vand med på den andre sida av Kviven, fortalde Hovde. Han la til at nettsidene ikkje står i stil til den offensive kommune Stryn likar å vere.

– Det er ikkje bra for ei kommune som vil vere framme i skorne og ha ei tungrodd retro-nettside, sa Torstein Tvinnereim (V).