Sjåføren av ein lastebil mista kontrollen på det glatte føret og køyrde i grøfta på fv 60 i indre Hornindal fredag kveld. Bilen var på veg retning Grodås og køyrde av vegen mellom Honndøla bru og Raftevold. Utforkøyringa skal ikkje ha medført personskade, men trekkvogna vart påført store skader.

Også laurdag morgon og føremiddag har det kome snø som har lagt seg i vegbana mange stader, og det vert meldt om glatte vegar i høgareliggjande område.