I morgon viser Moods of Norway årets haust- og vinterkolleksjon på Oslo Runway, det nye samlingspunktet i den norske moteverda.

I morgon vert haust- og vinterkolleksjonen til Moods of Norway vist på Oslo Runway. Foto: Truls Qvale

Stryneverksemda har hatt ein aktiv sommar, først med kunngjering av oppkjøpet av Brandstad i juli og no i august med lansering av kolleksjon i samarbeid med hockeystjerna Mads Succarello.

På lanseringsfesten for sistnemnde dukka det mykje kjentfolk opp, mellom andre Bø-brørne. Dessutan han som truleg har vore landets mest omtalte unge mann i sosiale medium siste året, skodespelar Thomas Hayes, kjend som karakteren William i NRK-suksessen SKAM. Serien vart kåra til beste nye programserie, beste TV-drama og årets nyskaping under Gullruten tidlegare i år, og har også blitt kåra til årets nyskaping og beste program/serie på nett i Norden.

Moods of Norway har hatt samarbeid med fleire av dei kjende personane som deltok på festen, men held tett om kor vidt dei også har planar når det gjeld Thomas "William" Hayes.