Det vart stang ut, ikkje berre ein, men fire- fem gongar, då Stryn spelte 1-1 mot Tertnes på heimebane laurdag. Tertnes leia 1-0 til pause.

Særleg surt var stolpeskotet på straffe, etter halvtimen ut i andre omgang.

- Æsj, det er første gong eg mistar på eit straffespark nokon gong, visst ein ser vekk frå treningskampar, sukkar straffetakar Karl Erik Aarsheim tungt.

Aarsheim var også den som scora Stryn sitt utlikningsmål halvvegs i 2. omgang.