Ordførar Sven Flo i Stryn reagerer sterkt på Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel si åtvaring til stryningane. I ein nettartikkel i Fjordingen fredag sa Lødemel at stryningane ikkje måtte kjenne seg trygge på at Hornindal ville gå til Stryn i ein gitt situasjon dersom dei kom under press mellom Volda og Stryn.

Flo seier at Stryn kommune tek sine sjølvstendige val.

-Truslar fører sjeldan noko godt medseg. Om Hornindal ønskjer Stryn med på laget, enten i den eine eller andre retning, må ein respektere dei ulike prosessar som går i den enkelte kommune. Eit eventuelt retningsval står Hornindal fritt tilå ta, men om vi skal føle oss utrygge av den grunn har litenrelevans. Stryn tek sine sjølvstendige val, og det må respekterast, seier Flo.