- Det er alltid utfordringar også når det er stor aktivitet i kommunen. No er det rett og slett "all time high". Det er prosjekt i gang i kommunen for ein stad mellom 1 og 2 milliardar kroner. Dette sa rådmann Per Kristian Storevik i Stryn då det rekneskapsmessige overskotet på nær 20,1 milliionar kroner for 2015 vart godkjent i Stryn kommunestyre torsdag.

- Godt å ha reservekapital

- Reservekapital er godt å ha i baklomma, sa ordføraren med honnør til administrasjonen og takk for god budsjettdisiplin.

- Ein del forhold gjer at vi i år har spart og har hatt inntekter ut over det som var forutsett. Tenestene er levert, men vi har fått ein del meirinntekter. Mykje dreier seg om sparte midlar når det gjeld pensjon. Vi har elles eit rentenivå på kommunale lån som er lågare enn planrenta vi la til grunn, sa rådmannen.

- Vil ikkje greie oss dårlegare

Johan Berge (Sp)  i kontrollutvalet tok ordet og gav tilråding om godkjenning av årsrekneskapen. Per Kjøllesdal (Sp) peikte på god dagleg drift:

- Rekneskapsdokumentet er eit godt oppslagsverk gjennom året. Det er ikkje noko her som tyder på at vi får det dårlegare om vi skulle bli åleine framover, sa Kjøllesdal.

Sonja Øvre-Flo håpa at også næringsfondet vart fylt opp, og til dette svarte ordførar Flo at det var mange gode ting å ta tak i til hausten i forhold til innretninga. Når det gjeld overskotet, blir det avsett til disposisjonsfond.

- Folketalsvekst på 19 i første kvartal

Statistisk sentralbyrå viser elles at Stryn i første kvartal i 2016 har ein folketalsvekst med 19 personar.

- Dette er basert på fødselsoverskot og netto innflytting. Dette følgjer den positive utviklinga vi har i Stryn, og som har vore gjennom fleire år. Det vil vere kvartalsvise endringar gjennom året, men om vi ser tilbake til f.eks 2008, viser det ein årleg vekst og stabil vekst. Det er særs positivt, og kjenneteiknar ein kommune i god utvikling, seier ordføraren til Fjordingen.

- Gode sysselsettingstall, og få arbeidsledige, samt ei positiv samfunnsutvikling i forhold til bustader, kultur- og fritidstilbod, gode skular og barnehagar og eit godt helsetilbod bidreg til dette. Næringslivsstrukturen er ein av dei viktige faktorane for denne utviklinga. Stryn har eit næringsliv som er innovativt og framtidsretta, og som tør å satse på framtida. Eg er stolt av det vi får til i Stryn. Ei positiv haldning til lokalsamfunnet, og evne og vilje til å bidra på alle arenaer er nøkkelen til ei positiv folketallsutvikling, seier Flo.