Isehaug Kafeteria opplevde rekordomsetning under Motorfestival Stryn. Også utedansen laurdag kveld vart suksess med fem-seks hundre betalande.

- I løpet av helga selde vi nærare eit par tusen middagar og 2.500 liter øl,  fortel Jens Arne Isehaug til Fjordingen.

Isehaug Kafeteria har gjort store investeringar før årets turistsesong. Noko som blei svært godt motteke av dei mange som var innom uteserveringa i løpet av helga.

- Dette har vore ei kjempehelg. Våre tilsette som gjer ein fantastisk innsats, stod på for fullt kontinuerleg i sju-åtte timar kvar dag for å lage mat og serverere gjestane. Eg må også få skryte av Jørn Sønsterudbråten og den store gjengen som står bak Motorfestival Stryn. Dei gjer ein kjempeinnsats, understrekar Jens Arne Isehaug.

Skjenkekontrollen som var til stades både på dag- og kveldstid, konkluderer med "masse folk, lange køar og godt vakthald".