Ei gammal nyheit, men likevel. For 14 dagar sidan opna skiskyttar Johannes Thingnes Bø og tidlegare ordførar i Ullensaker, Harald Espelund Moods of Norway sine nye butikk på Jessheim. Det var to stolte stryningar som troppa opp saman med grundarane Simen Staalnacke og Peder Børrensen i Jessheim storsenter.

Hendinga vart behørleg dekka i lokale media, mellom anna i Eidsvolll Ullensaker Blad. Dei fortel at storsenteret var eit naturleg val for Moods of Norway der dei kan boltre seg på heile 188 kvadratmeter, og at dette var Moods sin 18. butikk her til lands i tillegg til butikkane i USA og Sverige.