Endre Håberg reagerte sterkt då han vart merksam på at det i tekstdelen for kommunedelplan for Langeset - Stryn - Storesunde ligg inne kommentar på at område ved Svingesetvatnet er eigna for nytt sentralanelgg for skyting.

-  Som utbyggjar av fritidseigedom og på vegne av mange hytteeigarar i området Dybevoll - Svingeset finn underdteikna det mildt sagt svært uheldig å plassere eit framtidig sentralanlegg for skyting ved Svingesetvatnet. Plassering av sentralanlegg her er å flytte problema frå eit hytteområde til eit anna. Minner om at det i dag er ca 70 hytter og hyttetomter i oved Dybevoll og Svingeset. Ser ein framover i tid er dette området godt eigna for vidare hytteutbygging. Då også med tanke på område lenger vest som allereie ligg inne i kommuneplanen, skriv Endre Håberg i innspel på vegne av Sølvberg AS og A. Sølvberg Eiegdom AS.

Håberg viser til at området Dybevoll og Svingeset har fantastiske naturkvalitetar og turterreng som ikkje kan øydeleggast med eit skyteanlegg.

- Vonar fornuften vi råde og at ein finn ei betre plassering enn i ei naturperle i Nord Markane, konkuderer Endre Håberg.