94 personar testa positivt for korona i Stryn kommune førre veke (veke 12)

Kommunen minner om at det ikkje lenger er anbefalt at born og ungdom i skulealder vert testa for korona når dei har symptom på luftvegsinfeksjon, men held seg heime om dei er sjuke.

Vaksne er berre anbefalt å teste seg for korona når dei har symptom på luftvegsinfeksjon. Dei som vert smitta av korona treng ikkje å varsle nærkontaktar utanfor eigen husstand.