I eit år der koronarestriksjonar vart avløyst av økonomisk vanskelegare tider både for næringsliv og private, har Fjordingen halde på den gode posisjonen som lim og lupe i Stryn og Hornindal.

Vi har og nytta eigen lokalradio, Radio Stryn til tematiske sendingar innan sport, lokalmusikk og aktualitetsprogram. Og ikkje minst i samband med kommunevalet i september. Fleire av sendingane er lagt ut som søkbare podcast.

Sport und spass: Første sendinga frå venstre Ove Andre Aarskog, Roy Aron Myklebust, Thomas Thaule, Frank Hool og kveldens studiogjest Johann Sigurdsson. Foto: Gunnhild Sindre

Hausten 2023 gjennomførte vi og det første av to planlagte byggjesteg for å få lokalradioen vår på over frå FM til DAB, etter at Fjordingen fekk konsesjon for å byggje ut DAB og utbyggingsstøtte frå Medietilsynet. Vi vil ikkje gå ut av FM før også DAB del 2 er utbygd, tidlegast i 2025.

Alt utstyr: Bakkenett AS frå Hamar har montert alt utstyr som høyrde til for å få Fadiop Stryn over på DAB. Frå v. Olav Flesvik, Vegard Bakke og Håkon Dal. Foto: Eivind Engberg, Norsk Lokalradioforbund

Fakta om Fjordingen:

  • Samla opplag:

  • Utgjevarstad: Stryn

  • Daglege lesarar totalt:

  • Daglege lesarar på nett:

  • Daglege lesarar på mobil:

  • Papirutgåve: Tysdag og fredag, 101 utgåver i 2023

  • Redaksjonelle årsverk: 6

  • Antall sider produsert: 2800

  • Fordeling redaksjonelt stoff/annonser: 79/21

  • Antall leiarartiklar: 90

  • Antall kommentarar: 0

  • Antall lesarinnlegg på nett: 65

  • Antall refuserte lesarinnlegg: 0

  • Antall gjestekommentarar: 0

  • Antall kronikkar: 10

Bengt Flaten, ansvarleg redaktør og dagleg leiar for Fjordingen. Foto: Gunnhild Sindre

Mål og prioriteringar:

Fjordingen skal inneha nr 1 posisjon som nyheitskanal for innbyggjarane i Stryn og Hornindal, og dei som elles har tilknyting til området. Vi skal levere mangfaldig, truverdig og lokalt innhald som vert snakka om, på nett, papir og radio.

F.v. Elisabet Sandbakk Lunde (marknadskonsulent), Bengt Flaten (dagleg leiar/redaktør), Roger Oldeide (journalist) og styreleiar/direktør lokale mediehus Frank Støyva Emblem) på verandaen utanfor redaksjonslokala til Fjordingen. Foto: Sigrid Heggestad

Avisa si samfunnsrolle - eg vel å fokusere på to tema:

  • Ikkje før var koronapandemien over og folk såg fram til ein normal kvardag, så dukka nye bekymringar opp. Bekymringar som og spegla avisa si dekning - og etter kvart økonomi. Krigen i Ukraina, stadig høgare rentenivå for alle med lån og ein prisauke i samfunnet vi ikkje har sett maken til på mange år har i sum endra Norge radikalt. Også i vår region. Privatfolk har fått dårlegare økonomi. Bedrifter slit, mange av dei har anten måtte seie opp tilsette, redusere aktivietten sin betydeleg eller det som er endå verre: Dei har gått konkurs.

  • Fjordingen var av dei første avisene som både på leiarplass og gjennom redaksjonelle saker poengterte at først prisauken på drivstoff og dernest ordretørke på grunn av dårlegare økonomi i samfunnet ville føre til betydeleg tøffare tider. Først for bygg- og anleggsbransjen, deretter også for andre næringar. Anleggsbransjen lokalt sette pris på avisa sitt fokus, sjølv om det innebar at dei måtte blottleggje seg og fortelje om dramatisk lågare ordrereservar og ein situasjon der fleire bedrifter har måtte selje anleggsmidlar for å klare å betale løn. Samtidig opplevde avisa sin utsendte å få kjeft, då vi stilte spørsmål om bransjen sin situasjon under det årlege bransjetreffet i Loen på seinsommaren. Under eit slikt treff ville ikkje desse karane, som var ansvarlege for arrangementet, ha negativt fokus, og nekta å snakke med journalisten dersom han hadde slike spørsmål. Jounalisten snudde ryggen til dei som ikkje ville snakke, og fann i staden fram til lokale aktørar i det same bransjetreffet. Dei ønskte framleis å snakke om realitetane og det som var noko av det viktigaste for bransjen, nemleg framtidsutsiktene i ei vanskeleg økonomisk tid. I løpet av seinhausten gekk ein av dei store, lokale anleggsbedriftene konkurs, samtidig som mange andre innanfor bygg, anlegg og også møbel har måtte nedbemanne betydeleg.

  • Kommuneval er på mange måter høgtid og storheitstid for lokalavisene. For nettopp i eit kommuneval er det lokalavisa og ingen andre som kan hjelpe lesaren og dermed veljaren aller best til å forstå kva dei ulike politikarane står for. Ved å utfordre dei på viktige saker i lokalsamfunnet, la lesarinnleggspaltene stå vidopne og ikkje ta rolla som utspørjarar. I mangel av at nokon annan aktør inviterte, tok Fjordingen denne gongen både kommandieoen og eigarskapen til lokal partiutspørjing veka før valet. Det gjorde vi ved å knyte til oss ein ekstern og nøytral dyktig debattleiar, som i samarbeid med avisa sin redaktør planla kva spørsmål vi skulle stille. Debatten vart både annonsert og omtalt på førehand, på ein måte som sette Fjordingen i førarsetet på å hjelpe veljaren i sluttspurten av ein valkamp som ikkje hadde vore spesielt spenstig. Debattmøtet vart direktesendt av oss på nett og i vår eigen lokalradio, i tillegg til tradisjonell journalistisk dekning. Det vart suksess både i oppslutning om sendingane våre og i form av mange og gode tilbakemeldingar.

  • Sjølve valkvelden køyrde vi same konseptet, med direktesendt radio som vi og streama på nett, der ein av avisa sine jounralistar var programleiar og redaktøren kommentator til resultata som kom inn frå Stryn og Volda. Vi hadde og ekstern ekspertkommentatator i studio, vi ringte opp nabokommunane for å høyre utviklinga der. Og når resultata endeleg kom seint ut på kvelden, var vår eigen utegåande radioreporter på plass med direkte kommentarar både frå vinnarar og taparar.

  • Med denne tre timar lange direktesendinga fekk våre innbyggjarar ein unik god og lokal valdekning verken NRK eller nokon riks- eller regionavis kunne gje dei. Journalisten på nettvakt kunne då også konsentrere seg om å formidle resultat på nett, vel vitande om at kommentarane vart henta inn frå studio i naborommet.

  • Generelt er Fjordingen si hovudoppgåve å vere først ute med dei viktigaste nyheitene for og om folk i området vi dekkjer.

  • Dessverre er det slik at i eit aktivt område med stor trafikk og ulike fritidsaktivitetar, skjer det og mange alvorlege ulukker i Fjordingen sitt dekningsområde. Vi legg stort vinn på å dekke ulukker med respekt. Det inneber at vi i første instans skal legge stor vekt på ikkje å identifisere. Dernest følge opp slik at både pårørande og lesarar elles kan få flest moglege svar på kva som skjedde, og kvifor. Utan at det på noko vis skal vere i nærleiken av å grafse i andre sine ulukker eler andre sin sorg. Gjennom ulukkesdekninga vår legg vi og vinn på å få fram fakta om redningsarbeidet, etterforsking og eventuelt dekke rettsaker som følgje av straffeansvar knytt til ulukke.

  • Vi skal ha hovudfokus på nyhende og krydre avisa med dei gode og nære reportasjane. Gjennom tekst og gode bilde skal vi gje lesarane i nærområdet til liks med utflytta stryningar og honndøler eit godt speglbilde av kva som skjer på godt og vondt.

  • Vi skal vere ein god debatt-arena der folk skal få sleppe til med meiningane sine. Og vi skal ikkje minst vere tilbodstorget der annonsørar og lesarar møtast gjennom tilbod og etterspørsel.

  • Papiravisa kjem to gonger i veka. Nettavisa lever døgnet rundt, året rundt, og er vår raske og viktige nyhetskanal som og gir plass til dei gode reportasjane. Vi jobbar aktivt med å framheve kvalitetane både med nettavis og papiravis.

  • Radio Stryn er avisa sitt ekstra krydder, og som styrker mediehusets tilbod til innbyggjarane i regionen.

Priser

Journalist Gunnhild Sindre vann prisen «Årets reportasje» då Norsk Journalistlag Sogn og Fjordane arrangerte prisfest ved Gloppen Hotel i mars 2023. Reportasjen ho vart heidra for vart publisert i desember 2022. Den omhandla den tragiske Asker-ulukka som fann stad vesle julaftan i 1972. Midt i dramaet den gong stod Per Ytre-Eide i Stryn, som miste den gravide kona si og ei jente på tre år i flyulukka. Ei historie svært mange hadde lite kjennskap til.

Gunnhild Sindre vann prisen Årets reportasje på NJ Sogn og Fjordane sin Prisfest ved Gloppen Hotel. Ho vann for reportasjen om Per Ytre-Eide som miste familien i Asker- ulukka i 1972. Foto: Roy Aron B. Myklebust

Journalistfaglig utvikling

Generelt og gjennom det daglege har vi god takhøgde for diskusjonar om korleis vi skal løyse saker på førehand, med det mål å unngå å rette opp i etterkant. Vi er blitt stadig betre på planlegging av større prosjekt, og gjennomfører dei dermed betre. Vi har hatt sog har stadig som eitt av dei viktigaste måla våre å få fram dei gode næringslivssakene, gjerne med fokus på menneska som skaper og utvikler.

I det daglege er fokuset vårt god lokaljournalistikk med fokus på folk og historiane dei kan fortelje. Vi har auka innsatsen på journalistikk som viser breidda og historiene frå lokalt næringsliv.

Vi nyttar eit moderne nynorsk som samsvarar med folk sin daglegtale.

Vi har meiningsberande leiarar som ofte er kritiske, av og til rosande, men som og skal setje dagsorden.

Dei aller fleste sakene våre vert publiserte først på nett, deretter på papir.

Etikk

Avisa hadde i 2023 ingen saker som var meldt inn til PFU. Vi har gjennomgåande fokus på samtidig imøtegåing i saker der nokon set fram kritikk. I nokre tilfelle har vi og nytta prinsippet om samtidig tilsvar for lesarbrev.

Kilder

Vi har god fokus på å bruke andre kjelder enn ordførarar og kommunedirektørar. Ungdom og nye aktørar i næringslivet gjer at kjeldemangfaldet vert større.

Førstesideoppslag frå juni, då Rand skule hadde sin aller siste skuledag før skulen vart lagt ned. Foto: Fjordingen
Koronapandemien og tida etterpå hadde mange konsekvensar. Blant anna problemet med å skaffe støttekontakt for dei som treng det. Isabell Andersen viste ansikt i ei sak som er viktig for mange. Foto: Fjordingen
Siste landing. Anders Fannemel la hoppskia vekk etter ein karriere med mange oppturar, og der det vart tungt å kome tilbake etter fall og skade i Wisla. I sitt aller siste renn, i Vikersund i mars, vart han heidra av FIS-direktøren og hoppkameratar nasjonalt og internasjonalt. Foto: Fjordingen
Stryn Gatebilklubb vart etablert etter sterke ønske og gode initiativ frå vaksne og ungdom i fellesskap. Stryn kommune bidsrog med å gje klubben lokale. Foto: Fjordingen
Fjordingen sette fokus på økonomiske nedgangstider, der bygg- og anleggsbransjen vart først råka av ordretørke. Foto: Fjordingen
Å vere brannkonstabel byr på mange slags utfordringar. Spesielt tøft er det når ein som første redningsinstans kjem til ei trafikkulukke med hardt skadde og omkomne. Fjordingen gjorde intervju med to relativt ferske brannkonstablar etter innsatsen dei gjorde då to bilar kolliderte på E39 mellom Hornindal og Nordfjordeid i sommar. Foto: Fjordingen

Eit knippe bilder

Her er et lite knippe bilder tatt av våre fotografer i 2023.

Stryn Gatebilklubb tel allereie 200 medlemer. Her ser vi nokre av dei på bilen til Tommy Vik Strand. Foto: Thomas Thaule
Stryn Gatebilklubb utanfor klubblokala ved Petterneset. Klubben tel allereie 200 medlemer. Foto: Thomas Thaule
Brannkonstablar: Marianne Seljeset og Jan Roger Brekke var av dei første som kom til ulukkesstaden ved Holmøyane førre måndag. Eit oppdrag som sit att i minnet i betydeleg større grad enn meir ordinære redningsoppdrag. Foto: Bengt Flaten
Suksess: 1.150 billettar vart selde til Spelet om Søstrene Mel og Sjøormen i Groparken. Det vart fire kveldar med ståande applaus og svært mange gode kommentarar. Foto: Bengt Flaten
Stryn brannvesen sendte brannbil til Ukraina, køyrt ned av ein av dei tilsette. Tidlegare på året hadde Volda brann og redning gjort det same med ein utrangert brannbil frå Hornindal brannvesen. Foto: Roger Oldeide
Siste avslutning ved Rand skule våren 2023. Kommunestyret har vedtatt å leggje ned skulen, på grunn av for lågt elevtal. Til høgre rektor Ingvild Sætren. Foto: Roger Oldeide
Desember 2023. Mannskap frå Stryn Brannvesen saumfarer Stryneelva i leiteaksjonen etter sakna mann i 30-åra. På andre dag med leiting vart mannen funnen omkomen, på botnen av den delvis islagte elva. Foto: Bengt Flaten

Spørsmål fra Polaris-stiftelsen

1. Redaktørens ansvar og plikter er fundamentet for pressens rolle i samfunnet. Redaktøransvaret er også lovfestet. Hva mener du er dine viktigste oppgaver som redaktør? Nevn kort tre punkter.

Svar: Eg viser til Redaktørplakaten der det står presist og godt:

«En redaktør skal ivareta ytringsfriheten, pressefriheten og informasjonsfriheten. Gjennom sin redaktørgjerning skal redaktøren arbeide for frie mediers demokratiske rolle og det som etter hans/hennes mening tjener samfunnet».

2. De redaktørstyrte mediene er avhengig av tillit og troverdighet, og de må derfor verne om sin uavhengighet og integritet. Samtidig er de fleste journalister og redaktører samfunnsengasjerte mennesker. Hvilken policy har dere for medarbeideres engasjement på sosiale medier? Er det fritt frem for å uttrykke egne synspunkter og meninger om aktuelle og kontroversielle spørsmål?

Redaktøren har vet eit par høve, for fleire år tilbake, snakka med redaksjonelt tilsette etter ytringar på Facebook som ikkje var heldig i forhold til det arbeidet vi skal gjere journalistisk. Det handlar ikkje om å kneble meiningar eller synspunkt, men at ein må vare seg for ytringar i form eog/eller innhald i saksområde ein jobbar med, og som kan setje mediehuset i eit uheldig lys.

Det har ikkje vore nødvendig å setje ned noko eige bedriftsinternt regelverk for uytringar i sosiale media, då det vert utvist god dømmekraft og godt skjønn.

3. Stadig mer stoff – både tekst og bilder – skapes av, eller har sitt opphav i, kunstig intelligens (KI). Hvordan påvirkes grunnleggende journalistiske prinsipper som kildekritikk, faktakontroll og åpenhet av KI? Hvordan kan vi sikre oss mot skjulte agendaer, unøyaktigheter og løgn generert av KI?

Føler vi er så tidleg i utviklinga/bruk av KI at dette ikkje er mogleg å svare skikkeleg på. Ut over det sjølvsagte at kritikk til kjeldene og sjekk av fakta vert minst like viktig dersom noko av innhaldet vert generert/skapt ved hjelp av kunstig intelligens.