Dei er i hekketida, måsene. Kvart år finn dei fram til nye plassar i Stryn sentrum. Dei kryp innpå oss år for år etterkvart som dei blir fordrivne frå sine tidlegare hekkeområde. Dei finn alltid etterlatenskapar å leve av.

For få år sidan var dei meir fråverande og ingen trussel i sentrum. No kan dei gå til angrep og sende mot deg ei salve om du skulle vere ved Strynehallen, i Vikavegen eller på Stryn stadion. Ja, til og med i din eigen hage kan du møte aggresiviteten frå desse heilt spesielle sjøfuglane som det i alt er 50 artar av.

Måsen vi møtte på her ein dag gjekk til angrep like ved klubbhuset til speidarane på leirane. Vi redda oss inn i bilen i siste liten før vi såg eksemplaret lande i reiret sitt oppå ei trestamme. Der sat måsen lenge, men panseret fekk kvite flekkar.