Sparebanken Sogn og Fjordane har no gjennom si sparebankstifting delt ut 6 millionar kroner til ymse tiltak i fylket. Av dette går 900.000 kroner til Nordfjord. I tillegg vil Nordfjord nyte godt av tildelingar på godt 1,3 millionar kroner som går til fylkesdekkande tiltak.

Inne i summen på 900.000 kroner ligg også 300.000 kroner til Næringsliv. Dette går til Visit Nordfjord i samband med merkevareprosessen til det nye selskapet som skal tydeleggjere ein sterkare profil og kommunikasjon

Skal vere drivkraft

– Det er kjekt å vere med på dette. Vi skal vere ei drivkraft i fylket og oppfordar alle om å søkje midlar til gode prosjekt, seier Odd Kjetil Tonning som er banksjef på privatmarknaden i Nordfjord og Ørjan Skåden, banksjef på bedriftsmarknaden.

Tonning kan opplyse at det er to hovudtildelingar i året med søknadsfrist høvesvis 1. mars og 1. september. I denne tildelinga kom det inn 36 ordinære søknader frå Nordfjord. 17 fekk tildeling.

– Kor store midlar vert delt ut kvart år?

– I fjor vart det totalt delt ut 16 millionar kroner i heile fylket. I år er totalbudsjettet på 18 millionar kroner i alle ordningar i Sogn og Fjordane.

Lite søknader frå Hornindal

– Og midlar vert delt ut til alle krikar og kroker i heile fylket?

– Ja, det er målet. I vårt område har det i seinare år vore lite søknader frå Hornindal, og vi oppfordrar fleire om å søkje. Gåvemidlane vert delt ut i forhold til antal kundar i regionen, og det er greitt å fordele til alle bygder.

– Når det gjeld søknader opp til 10.000 kroner, kan det søkjast fortløpande visst det er gode prosjekt på gong. Når det gjeld såkalla Furore-prosjekt, kan det søkjast om stipend før 15. juni. Dette er tiltak som kan hjelpe talentfulle personar på ulike felt, både idrett og anna. Det kan nemnast at Bø-brørne og Anders Fannemel tidlegare har fått slike stipend, seier Tonning.

–Av nye tildelingar, kan nemnast støtte til lag og organisasjonar som har lagshus. Her er det snakk om ei eiga samordna tildeling. Dette prøver vi å setje stort fokus på, seier Tonning.