– Bygget har vore utsett for ruteknusing og innbrot, seier styreleiar for Gamle Innvik Ullvarefabrikk, Per Ove Reme til Fjordingen.

Det var laurdag skadeverket vart oppdaga.

– Sju ruter er knuste i ein avsidesliggande krok av bygget, inn til ei gamal dampmaskin. Rutene er knuste med store steinar. Det er også stole nokre nøklar inne i bygget, fortel Reme vidare.

– Nulltoleranse

Store investeringar er brukt for å setje i stand bygget dei seinare åra, og han er fortvila over skadeverket:

– Det blir lagt ned ein stor gratis innsats av mange i bygda for å halde bygget ved like, og vi har nulltoleranse mot slikt hærverk. Men om angrande syndarar vil gjere opp for seg så skal dei få sjansen til det. Nøklane er viktige for oss, seier Reme.

Gamle Innvik Ullvarefabrikk melde skadeverket til politiet måndag. Politiet står førebels med få spor.

– Skadeverket ber preg av rampestrekar, og vi ønskjer tips frå publikum om bevegelsar i området. Vi vil følgje opp saka vidare, mellom anna med patruljering, seier politibetjent ved Stryn politikontor, Malin Sørensen.

Ei av rutene som er knuste ved Gamle Innvik Ullvarefabrikk. Foto: Privat