Kunstgraset er kome til bana i Lovik, og der spelar dugnadsfolk og montørar på lag med vergudane.

– Ja, dette er heilt ideelt. Om dette veret held, skal vi vere ferdig med dekket i løpet av torsdag, sa Lisa Furuvik i Haugesund-firmaet Sport Surface då Fjordingen var på besøk måndag. Saman med Ros Lelieveld frå New Zealand skal ho legge, kutte og lime kunstgrasdekket.

I morgontimane kom eit trailerlass med 25 rullar kunstgras, kvar av dei 64 meter lange og fire meter breie. Sjølve graset er produsert i Italia.

70 tonn med gummikuler

– Her er det gjort ein kjempejobb med underlaget. I morgon kjem det også ca. 70 tonn med gummikuler og 50 tonn med sand. Dette arbeidet vert utført av andre enn oss, seier Furuvik.

Firmaet frå Haugesund har ordreboka full i sommar. Etter Loen reiser dei til Sæbø og vidare til Stavanger. Denne sesongen legg dei rundt 30 kunstgrasbaner i landet.

200-250 dugnadstimar

Jørn Moen er basen for dugnadgjengen i Loen, og dei siste dagane har det gått slag i slag. Berre med legging av dekket reknar dei 200-250 dugnadstimar.

Arenabygget har fått to strøk måling, og berre dørene manglar før inntrykket blir fullkoment.

– Oppslutninga har vore god?

– Ja, vi har eit lag med 4-5 personar på omg gongen når vi rullar ut graset. Vi har bemanninga klar til og med torsdag, seier Moen i ferd med å starte opp vasspumpa på tankbilen. Med vassslangen måtte han følgje etter Odd Bjarte Rauset som kutta asfalt på eine kortsida.

– Dessverre la vi for brei stripe med asfalt. Her skal vere tre meter frå asfalten til grasdekket.

64 gonger 100 meter

– Kor stor er bana i Lovik?

– Med kunstgras er ho 68 gonger 106 meter. Sjølve speleflata er på 64 gonger 100 meter, seier Jørn. Han gler seg til heile anlegget kan takast i bruk, men vil ikkje forskottere nokon dato.

Utbygginga på Loen stadion er budsjettert med ein totalkostnad på litt over 8,2 millionar kroner for bana og klubbhuset. Her er mange bidragsytarar. På sikt skal også ballbingen fjernast for å bli ertatta med eit nærmiljøanlegg/ fleirbruksanlegg nærare barnehagen.