Løvlands spiseri og pub, som held til i underetasjen i Kirkhorn skule, har tidlegare søkt Hornindal kommune om løyve til å skjenke alkohol på uteområdet. Dette vil ikkje kunne skje med det første, ut frå det ein kan lese av svaret frå kommunen.

- Konklusjonen er at det per i dag ikkje er grunnlag for handsaming av søknaden. Grunngjevinga er at det er ny eigar av huset og tomta. Og det er i tillegg ikkje godkjent dispensasjon frå reguleringsplanen og bruksendring på uteområdet, står det i svaret.

Det var kommunen som eigde Kirkhorn skule fram til i oktober i fjor. Då vart bygget kjøpt av selskapet Fr. Meltzers gt. 34. Kommuneadministrasjonen held difor fram at det første som må på plass er aksept frå den nye eigaren til uteservering.

- Så må ein eventuelt kome tilbake til korleis ein handsamar søknaden om skjenkeløyve utandørs.