Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland gjorde før helga likelydande vedtak om å kalle det nye samanslegne fylket for Vestlandet. Det skapar reaksjonar.

Valet av namnet Vestlandet på den nye regionen eller storfylket, er kontroversielt fordi storfylket berre omfattar to av fire vestlandsfylke og berre litt under halvparten av dei som bur på Vestlandet. Overfor Sunnmørsposten seier Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal at ho ikkje synest noko om namnevalet.        «Litt underleg og eigentleg ganske frekt. Dei melder på ein måte Møre og Romsdal ut av Vestlandet», seier ho. Og samanliknar valet av namnet Vestlandet med om nye Ålesund kommune hadde teke Sunnmøre som namn.

Ein annan som reagerer, er i følgje NTB ørstingen Ove Sverre Bjørdal. Han er busett i Bergen og representerer Senterpartiet i Bergen bystyre. NTB viser til Bjørdal sin Facebook-status, der han stiller spørsmål om Hordaland og Sogn og Fjordane har gjort seg skuld i historia sitt største namneran. Bjørdal viser til samla folketal og at det bur 108.000 fleire vestlendingar utanfor det nye fylket «Vestlandet» enn innanfor.

I forkant av namnevalet fekk også NRK Sogn og Fjordane mange og til dels skarpe reaksjonar i si undersøking blant folk. Mange meinte at valet av Vestlandet som namn på halve Vestlandet er feil.

Namn engasjerer. Verst er det når mange føler dei blir frårøva både namn og identitet. Sjølv om Hordaland og Sogn og Fjordane viser til at også Rogaland og Møre og Romsdal var inviterte inn i stor-regionen, set dei to fylka no resten av Vestlandet på sidelinja, ved å ta namnet alle vestlendingar identifiserer seg med. At mange reagerer på det med frustrasjon, er lett å forstå. Sunnmørsposten seier på leiarplass måndag at avgjerda om å kalle Hordaland og Sogn og Fjordane for Vestlandet, ikkje bør bli ståande. «Namnet Vestlandet er opptatt. Kall fylket noko anna», er oppmodinga frå avisredaktøren i Ålesund.

Vestlandet er ein landsdel og ei nemning som gir uttryk for akkurat det. Ved å velje Vestlandet til namn for berre to fylke, gjer Hordaland og Sogn og Fjordane seg skuld i å redusere Vestlandet til noko mykje mindre enn kva det er. På den måten gjer dei mange ein stor urett.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør