Medan sola varmar over messeområdet i dag, var det tidvis plaskvått ver første dagen av Strynemessa. Likevel var det mykje folk. På dagtid var det folksamt inne i hallen, og på ettermiddag og kveld vart det også god, gammaldags tivolistemning ute. Mange gjekk også frå bod til bod, fekk smaksprøver og handla mat frå både Norge og Europa. Både skinke, pølser, pizza og ost fekk bein og gå på. I morgon er det mellom anna piratshow for born og stort matshow i hallen, og søndag er det klar for årets store messekonsert: Vassendgutane.