Fv. 5724 mellom Rustøyelva og Sandnes i Oldedalen vart stengd for natta fredag kveld grunna fare for snøskred. Statens vegvesen bestemte laurdag føremiddag å halde vegen stengd fram til søndag. Folk i Oldedalen er såleis isolerte laurdag.

Ifølge meldinga skal det gjerast ei ny vurdering av fylkesvegen søndag kl. 10.00

Det same gjeld Lodalen på Fv. 5723 mellom Sande og Bødal. Også her skal det gjerast ei ny vurdering søndag kl. 10.00, opplyser vegvesenet.

Det er raudt farevarsel; Stor snøskredfare (faregrad fire) i indre Fjordane laurdag.